HJORTEGARDEN

Hjortegarden i Ålfoten er så tett på naturen som det er mogleg, driven av Sonja og Karl Vidar Førde. Firmanamnet speglar ein gard med alle positive assosiasjonar til forvalting av naturen, skaparglede, kjærleg dyrehald, mattradisjonar, jakt og verdiskaping. Hjorten er det majestetiske dyret som eig skogane rundt garden, der dei regjerer heilt nede frå fjorden, opp langs elvane, gjennom skog, kratt og urar til snaufjellet og den store Ålfotbreen. Hjorten i logoen er skoren ut av isbreen i origami-stil, ein replika av den store seksgreinaren som far til Karl Vidar, Martin Førde, skaut i 1972, med ei slaktevekt på 155 kg. Profilelementa skildrar Ålfoten – innkapsla mellom høge fjell, rennande elvar, Ålfotbreen og den mektige avstikkaren av Nordfjord. Dette er ekte vare. Dette er naturopplevingar i verdsklasse. Dette er Hjortegarden. Velkomne til gards!